UK flag

Om

I byrjinga

Norrøn Form er eit enkeltmannsforetak som blei starta i 2006 og blir driven av meg, Ronny Søvik. Eg he alltid vore interessert i teikningar og handverk. Min bakgrunn frå kunstskulen (2 år på Ålesund Kunstskule) og å dele atelie med skulptør Arne Martin Hansen (3 år), he gitt meg ein veldig god start til å skape kunst og hantverk sjølv.

På Vikinggrunn

Min oppvekst på nordvest kysten av Norge he gitt meg nærkontakt med noko aqv det vakraste naturen og naturkreftene har å by på. Og mang ein gong he eg berre stoppa opp og undra på korleis livet var i desse omgjevnadane i sein jarnalder. Kva inspirerte deira liv, kunst, religion, vanar og daglegliv? 10 års fartstid på Galleri Bryggen (historisk butikk, galleri, design shop og workshop) he vore ein god base for å samle idea og inspirasjon samt å møte andre personar frå heile verda med same interesse for historie. Deltaking i ulike Viking marked i Noreg he vore ein flott måte å tilbringe sommarferien på, der ein kan møte andre Viking- and historie interreserte personar, og å få en liten smak av korleis Viking-livet var å leve i ein Viking kaupang.

Ein drage blir fødd

Mine dragar er direkte kopiar av, eller inspirerte kopiar av faktiske Viking funn. Omgjevnadane eg plasserer dei i er alltid tatt frå min fantasi og er ikkje meint å tilhøre ein religiøs rite/tradisjon. Men eg søkjer alltid å forstå kreftene bak dei ufortalde historiene dei søkjer å fortelje meg. Runane på lyshaldarane sei Solgave og er eit kjærleiksteikn til mi kone og er ein hyllest til hennar liv. Gripedyr, menneskelege figurar, gudar og ornament - ei levande pittoresk verd frå Viking tida.